Geir Nielsen
Leder
Geir Nielsen frå Sylte er ungdomsskulelærar på Åheim skule, og for tida assisterande rektor. Han har eit stort engasjement for idrett og aktivitet for barn og unge, og har lagt ned det meste av fritid gjennom dei siste 15 åra i frivillig arbeid som trenar og med dugnadsarbeid og administrative gjeremål i Åheim IL.
Engasjementet for barn og unge er ei drivkraft for å komme i gang med politisk arbeid. Geir er i dag leiar i Vanylven Arbeidarparti og står på 3.plass på lista. Han vil stå på for å sikre barn og unge dei beste oppvekstvilkåra, og meiner at det er den viktigaste faktoren for at Vanylven skal kunne takle den eldrebølga som vi står i. Skal vi få tak i nok fagfolk til å gjere dei jobbane som må gjerast for å sikre omsorg for alle i kommunen vår, må vi vise at Vanylven er ein veldig god kommune å bu i, vekse opp i, arbeide i og bli gamal i.
Vanylvsskulen er god i dag, og det må vi ta vare på. For å møte framtida må vi planlegge for ei fornying av fasilitetane. Den nye barneskulen på Fiskå er straks klar, neste steg blir å løfte dei andre skulebygga opp på same nivå. Vanylvsskulen skal vere ein god plass å vere, i dag og i framtida. Vi som lokalsamfunn og spesielt som politikarar har ei plikt til å ligge i forkant for å sikre dei som veks opp ein moderne skule med fasilitetar som høyrer til.