Njål Sivertstøl

Sekretær

Njål Sivertstøl er Vanylven Arbeidarparti sin ordførarkandidat for kommunevalet 2023. Han er også medlem i styret (sekretær) for Vanylven Arbeidarparti.

Njål Sivertstøl

Bli bedre kjent med Njål Sivertstøl:

Njål har eit brennande engasjement for heile Vanylven, og har også tidlegare involvert seg i fleire saker innanfor samferdsel, skule og miljø. Han er spesielt oppteken av å sikre ein god skule for borna og ungdomane, og å legge til rette slik at næringslivet kan vekse og at nyetableringar kan kome til. Han vil ha miljø og klima høgare på dagsordenen, og støtte opp under organisasjonar og tiltak som bidreg til folkehelse og trivsel. 

På fritida er han blant anna leiar for Fiskå Idrettslag, turleiar i Barnas Turlag, nestleiar i Vern Hovda, og han har vore leiar i FAU og SU ved Fiskå skule. 

Han er utdanna siviløkonom med mastergrad og doktorgrad (PhD) frå Norges Handelshøyskole (NHH), jobbar som associate professor ved NTNU, og har tidlegare arbeidd med marknadsføring, digitalisering og innovasjon i Telenor og Sopra Steria. Sidan han var 15 år og gjennom heile studietida jobba Njål deltid ved det som no er Mowi sine anlegg på Sighaug og i Brudevika. 

Njål flytta tilbake til Vanylven frå Oslo for eit par år sidan saman med kona og dottera som no er 7 år, og tok over barndomsheimen hans ute ved storhavet.

På bedriftsbesøk hos Sibelco på Åheim 10 februar 2023. Frå venstre: Karoline Slinning (Fylkessekretær Møre og Romsdal Arbeidarparti), Njål Sivertstøl (ordførarkandidat Vanylven Arbeidarparti), Per Vidar Kjølmoen (stortingsrepresentant Arbeidarpartiet og medlem i Næringskomiteen), Lisa Mari Berge (Sibelco og kommunestyrekandidat Vanylven Arbeidarparti), Kari Hoset Ansnes (Regionleiar LO Møre og Romsdal), og Lars Tore Bakkebø (Formann Olivinsteinarbeiderenes Klubb ved Sibelco og kommunestyrekandidat Vanylven Arbeidarparti)

På bedriftsbesøk hos Sibelco på Åheim 100223. Frå venstre: Karoline Slinning (Fylkessekretær Møre og Romsdal Arbeidarparti), Njål Sivertstøl (ordførarkandidat Vanylven Arbeidarparti), Per Vidar Kjølmoen (stortingsrepresentant Arbeidarpartiet og medlem i Næringskomiteen), Lisa Mari Berge (Sibelco og kommunestyrekandidat Vanylven Arbeidarparti), Kari Hoset Ansnes (Regionleiar LO Møre og Romsdal), og Lars Tore Bakkebø (Formann Olivinsteinarbeiderenes Klubb ved Sibelco og kommunestyrekandidat Vanylven Arbeidarparti)

Karoline og Njål gler seg til å ta fatt!

Karoline Juul (varaordførarkandidat) og Njål Sivertstøl (ordførarkandidat)

Deler av det nye sltyret i Vanylven Arbeidarparti. Frå venstre: Geir Nielsen (leiar), Caroline Juul (nestleiar), Knut Aksel Thunem (styremedlem), Tonje Ramse Trædal (styremedlem), Njål Sivertstøl (sekretær)

Deler av det nye sltyret i Vanylven Arbeidarparti. Frå venstre: Geir Nielsen (leiar), Caroline Juul (nestleiar), Knut Aksel Thunem (styremedlem), Tonje Ramse Trædal (styremedlem), Njål Sivertstøl (sekretær)